Idrettsmerke

Velkommen som idrettsmerketakar!

Utskriftsvennlig visning
Tips en venn

Å ta idrettsmerket er ein fin måte å halde seg i form på. Krava varierer innanfor dei ulike aldersgruppene, men skal vere sette såpass høgt at dei fleste må trene for å klare dei.

Målet med idrettsmerket er at ein skal samanlikne med sine eigne resultat og konkurrere med seg sjølv.

I tillegg skaper det trivsel å kome saman med andre for å gjennomføre prøvane.

Kven kan ta idrettsmerket?

Alle over 16 år kan ta idrettsmerket.

Berekningsgrunnlag for utmerkingar
Tal gonger merketakaren har fullført idrettsmerkeprøven er utgangspunkt for oppnåing av utmerkingar:
1. gang - Idrettsmerket i bronse
5. gang - Idrettsmerket i sølv
9. gang - Idrettsmerket i gull
15. gang - Idrettsmerkestatuetten
20. gang - Idrettsmerkekruset
25. gang - Idrettsmerkets miniatyrstatuett i bronse
30. gang - Hederspris
40. gang - 40-års merke med NIFs diplom
50. gang - 50-årsmerke med NIFs diplom
60. gang - 60-årsmerke med NIFs diplom

Øvingsutval og krav

Ein må ha klart kravet i ei øving i kvar gruppe for å oppnå idrettsmerket.
Gruppe 1: Trim
Gruppe 2: Spenst / presisjon
Gruppe 3: Hurtighet
Gruppe 4: Styrke
Gruppe 5: Utholdenhet / utholdenhet uten tidtaking

Krava i dei forskjellige gruppene finn du her.

Kven gjer kva?

Arrangøren

  • Originalen skal arkiverast av arrangøren. Kopien skal sendast idrettskrinsen innan 31. januar.
  • Bestille utmerkingar og idrettsmerke frå idrettskrinsen.

Idrettskrinsen

  • Oppbevarer samlelistene.
  • Vidaresender bestillingar på utmerkingar.
  • Sender ut materiell til arrangørane. Følgande materiell kan bestillast:
    - Samlelister for rapportering til Sogn og Fjordane idrettskrins.
    - Årbøker for notering av prøvar. Erstattar gamle godkjenningskort.
    - Handbok for idrettsmerke, inneheld reglement og krav.
    - Plakater når dette finst.
    Alt materiell er gratis.

E-post adresse ved bestilling av materiell sognogfjordane@idrettsforbundet.no

RÅD TIL ARRANGØRAR AV MERKEPRØVAR

Korleis får vi fleire til å ta idrettsmerket?

Det er hovudsakleg godt vaksne menneske som tek idrettsmerkeprøvar. Det er positivt at dette er ein aktivitet som passar for dei, men vi burde alle jobbe for at også ungdomen trenar allsidig, og då er idrettsmerkeprøver eit ypperleg reiskap. For å få det til må ressurspersonar i krins, lag og foreiningar lage ein strategi for korleis lærarar og befal skal få interesse for å arrangere merkeprøver.

Marknadsføring:

- Plakater på butikken, skulen, arbeidsplassar…
- Lokale kjendiser som tek prøve og lokalavisa dekker det
- Informasjonsmøter i idrettslag

Kampanjer og konkurranser:

- Utfordre skular, arbeidsplassar og idrettslag til å konkurrere om kven som får flest merketakarar. Premie? Lokal sponsor?
- Arranger prøver der barna kan ta Barnas idrettsmerke samstundes med at dei vaksne tek si prøve.


Allsidig trening

Allsidig trening for alle utøvarar i klubben

Se også arrangørpakken her
Anlegg
Det enklaste er å ha ein idrettsplass, men det er ikkje naudsynt. Ein leikeplass eller ei gras eller sandslette kan gjere nytta.

 

© 2009 - Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité
Alt innhold er beskyttet i henhold til lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverkloven). Innholdet kan ikke benyttes kommersielt uten samtykke fra Norges idrettsforbund.