Pressemelding 

Endring av tippenøkkelen

14.02.2011  Erling Benjaminsen 
Utskriftsvennlig visning
Tips en venn

Sogn og Fjordane Idrettskrins ser svært positivt på forslaget frå Arbeiderpartiet sine fylkeslag i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane om endring av tippenøkkelen.

Forslaget til endring er heilt i samsvar med idretten sine ønske.

Forslaget vil vere av svært stor betydning for å få fortgang i bygging og rehabilitering av idrettsanlegg.

For idretten i Sogn og Fjordane vil forslaget til endring av tippenøkkelen kunne bety at dei idrettsanlegg som over år har vore ønska og politisk prioritert av kommunar og idrettslag kan realiserast raskare

”Kommunane og idrettslaga må i dag ofte vente både 5 og 6 år frå eit anlegg er politisk vedteke til spillemidlane er utbetalte. Med den nye tippenøkkelen, som no Arbeiderpartiet i vestlandsfylka foreslår, vil ventetida kunne reduserast med fleire år. Dette er svært gode nyheiter for lokalidretten!” seier Arne B. Berge, styreleiar i Sogn og Fjordane Idrettskrins.

Sogn og Fjordane Idrettskrins håpar og trur at initiativet frå Arbeiderpartiet på Vestlandet får støtte på Arbeiderpartiet sitt landsmøte i april. ”Når sentrale fylkesleiarar frå det største regjeringspartiet no føreslår endring av tippenøkkelen og på den måten tydeleg tek lokalidretten sine behov for idrettsanlegg på alvor, så trur vi dette vil føre til endring av tippenøkkelen. Eg vil også legge til  at forslaget til ny tippenøkkel i praksis ikkje vil bety reduksjon av dei totale økonomiske tilskkot til verken kultursektoren eller dei humanitære organisasjonane.

Forslaget fra Arbeiderpartiet sine fylkeslag her på Vestlandet ser ut til å kunne gi ein vinn-vinn situasjon for alle, sett i eit samfunnsmessig perspektiv, seier Arne B.Berge, styreleiar i Sogn og Fjordane Idrettskrins.

Kontaktperson: Arne B. Berge, styreleiar i Sogn og Fjordane Idrettskrins tlf 91 72 16 27

 

 Nyheter

Utdanningsprogram yngre ledere

21.05.2012

Coaching og ledelse - utdanningsprogram for yngre ledere i idretten (19-29 år), Søknadsfrist 1.juni

Økonomikurs Sogndal

29.03.2012

Sogn og Fjordane Idrettskrins inviterer til kurs i økonomistyring og rekneskap i Sogndal tysdag 5.juni.

Idretten i Sogn og Fjordane

09.05.2012

Statistikk for medlemstal og aktivitetstal for idretten i Sogn og Fjordane er no oppdatert med tala for 2011.

Styremøte 23.04.12

09.05.2012

Det nye styret til Sogn og Fjordane Idrettskrins med styreleiar Aud Kari Isane i spissen hadde sitt første styremøte 23.04.12. Protokollen er no godkjent og du

Solid medlemsvekst i Lustraidretten

09.05.2012

Luster Idrettsråd har gjennomført sitt årsmøte. Idrettskrinsen var på besøk og kunne registrere at leiaren Hanne Bisgaard, hadde lagt til rette for eit hyggele

Klubbutvikling - ein enklare kvardag i idrettslaget

20.02.2012

Idretten tilbyr eit program for klubbutvikling i idrettslag og særgrupper med bl.a. lagsbesøk.

 Kalender

© 2009 - Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité
Alt innhold er beskyttet i henhold til lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverkloven). Innholdet kan ikke benyttes kommersielt uten samtykke fra Norges idrettsforbund.