Spissa tilbod for utøvarar i vidaregåande skule 

Etter ei tids drøftingar fekk Sogn og Fjordane Idrettskrins invitasjon frå fylkeskommunen til å kome med forslag om tilrettelegging av eit spissa og samla skule-/idrettstilbod i Sogn og Fjordane.

Utskriftsvennlig visning
Tips en venn
Forslaget skulle m.a. innehalde:
  • Kva idrettar dette er mest aktuelt for 
  • Kva for skule det er mest aktuelt å plassere slike tilbod.

Temaet vart orientert om på fagseminaret med særkretsane på Skei 22.09.09.

Deltakarane gav si tilslutning til arbeidet.

 

Fylkeskommunen har gitt eit mandat for arbeidet og det er nemnt opp ei arbeidsgruppe.

Mandat for arbeidsgruppa

  • Arbeidsgruppa skal avklare idretten sine behov for eit spissa og samla skule/idrettstilbod i Sogn og Fjordane. Det skal vere ei satsing på tilrettelegging for utøvarar på høgare nivå og etablere sterke faglege miljø knytt til enkelt idrettar. Gruppa skal foreslå kva idrettar dette er mest aktuelt for og kva skule/ar det er mest aktuelt å plassere slike tilbod.
  • Arbeidsgruppa skal sjå på eksisterande ordningar i fylket knytt til inntak og den generelle tilpassa opplæringa som alle elevar skal få.
  • Arbeidsgruppa skal skissere modellar for korleis dette kan organiserast og kva økonomiske konsekvensar dette får for elevane, idretten og fylkeskommunen. Gruppa bør skissere modellar for finansiering av aktuelle modellar.
  • Arbeidsgruppa skal sjå  til kva som vert gjort i andre fylkeskommunar.
  • Arbeidet må tilpassast prosessen med opplæringstilbodet, men også ha eit langsiktig perspektiv med tanke  elevtalsutvikling , tilgjengeleg kompetanse og anlegg.

Arbeidsgruppa er sett saman slik:
4 personar frå skule/oppl. nemnt opp av fylkeskommunen(1 rektor, 1 frå leiing, 1 lærar)

  • Kjell Arnestad, rektor Firda vgs
  • Odd Standal, rådgivar opplæringsavdelinga i fylkeskom
  • Per Arne Strand, lærar Sogndal vgs
  • Torstein Tvinnereim, lærar Stryn vgs

3 personar nemnt opp  av styret i idrettskrinsen

  • Odd Bjarne Solheim, idrettssjef  idrettskrinsen
  • Yngve Thorsen, adm leiar skikrinsen
  • Svein Olav Myklebust, adm. leiar fotballkrinsen

I tillegg nemnde idrettskrinsstyret opp ei idrettspolitisk referansegruppe:

  • Leiar i idrettskrinsen Arne B. Berge
  • leiar i SF Fotballkrins Jon Georg Rutledal
  • leiar i SF Skikrins Inge Fænn
  • frå SF Friidrettskrins Karstein Fardal og
  • leiar i NHF Region Vest Arvid Gimmestad.

Særkrinsane vart orienterte om temaet på fagseminaret på Skei 22.09.09.

Deltakarane gav si tilslutting til arbeidet.

 

Intensjon med ordninga

Intensjonen med spissa tilbod er å utvikle eit godt og forpliktande samarbeid mellom partane, for på den måten å oppnå gjensidig nytteverdi på område der partane har felles interesser.

Det er eit sentralt mål å legge godt til rette for å kombinere satsing på idrett med vidaregåande utdanning.

I første omgang gjeld dette for 6 større særidrettar som kan vise til gode prestasjonar. Idrettane er: Fotball, ski, handball, friidrett, volleyball og skiskyting.

Fleire av våre beste idrettsutøvarar vel å gå på vidaregåande skule i andre fylke for å utvikle seg vidare i sin idrett.

Det er viktig at idretten, fylkeskommunen og kommunane samarbeider om å legge til rette idrettstilbod, skuletilbod og anlegg slik at elevar i vidaregåande skule kan utvikle seg innan idretten sin i eige fylke.

Fylkesdelplan for idrett, friluftsliv, fysisk aktivitet og folkehelse 2010 – 2013, vedteken av fylkestinget 13.10.09 seier om dette m.a:

2. Satsingsområde

·         2 1.3 Utfordringar

Elevar i vidaregåande skule reiser til skular utanfor fylket for å utvikle seg vidare i sin idrett.

·         2.1.4 Strategiar i arbeidet med idretten

Idretten, fylkeskommunen og kommunane må samarbeide om å legge til rette tilbod og anlegg slik at elevar i vidaregåande skule kan utvikle seg innan idretten sin i eige fylke.

Grunnleggande krav ved val av skule

Mål:   Gi eit spissa optimalt tilbod om utvikling av utøvarar 16 – 19 år i fylket og skape eit miljø som gjer at utøvarane vel vidaregåande skule i heimfylket.

Skal vi få til dette må vi ha:

  • Utøvarmiljø og trenarkompetanse i idretten nær den vidaregåande skulen
  • Særidrettsfagleg kompetanse på den vidaregåande skulen som særidretten (-ane) vel for spissa tilbod.
  • Anleggsfasilitetar på staden som utøvaren kan utvikle seg i, så vel i skuletida som på fritida og som tilfredstiller krava sett av særidretten (-ane)

Med trenarkompetanse og utøvarmiljø i idrettsmiljøet og på skulen meiner vi:

  • Må vise til over tid å ha prestert regionalt/nasjonalt i sin idrett

Det er særidrettane som sjølve må kvalitetssikre at skulane ein vel representerer nemnde krav.

Med auka krav til profesjonalitet i idretten, vil framtidas skule bli eitt av fleire suksesskriteria for utvikling av idrettsutøvarar.

Samhandling mellom idrettslag, særidrettane og den enkelte skule står difor sentralt i dette utviklingsarbeidet.

Det skal vere ei satsing på tilrettelegging for utøvarar på høgare nivå, med mål om å etablere sterke faglege miljø knytt til enkelte idrettar.

 

 Nyheter

Utdanningsprogram yngre ledere

21.05.2012

Coaching og ledelse - utdanningsprogram for yngre ledere i idretten (19-29 år), Søknadsfrist 1.juni

Økonomikurs Sogndal

29.03.2012

Sogn og Fjordane Idrettskrins inviterer til kurs i økonomistyring og rekneskap i Sogndal tysdag 5.juni.

Idretten i Sogn og Fjordane

09.05.2012

Statistikk for medlemstal og aktivitetstal for idretten i Sogn og Fjordane er no oppdatert med tala for 2011.

Styremøte 23.04.12

09.05.2012

Det nye styret til Sogn og Fjordane Idrettskrins med styreleiar Aud Kari Isane i spissen hadde sitt første styremøte 23.04.12. Protokollen er no godkjent og du

Solid medlemsvekst i Lustraidretten

09.05.2012

Luster Idrettsråd har gjennomført sitt årsmøte. Idrettskrinsen var på besøk og kunne registrere at leiaren Hanne Bisgaard, hadde lagt til rette for eit hyggele

Klubbutvikling - ein enklare kvardag i idrettslaget

20.02.2012

Idretten tilbyr eit program for klubbutvikling i idrettslag og særgrupper med bl.a. lagsbesøk.

 Kalender

© 2009 - Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité
Alt innhold er beskyttet i henhold til lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverkloven). Innholdet kan ikke benyttes kommersielt uten samtykke fra Norges idrettsforbund.