TOPP-idrettsutvikling 16-19 år 

Målet med prosjektet er å styrke aktivitets-, kunnskaps- og kompetanseutviklinga i idretten i Sogn og Fjordane gjennom lokal oppfølging. Det vil også verta gjennomført faste samlingar på Fosshaugane Campus, der det vert arrangert felles stimuleringssamlingar, testing, praktisk og teoretisk rettleiing mm.

Utskriftsvennlig visning
Tips en venn

Med dette prosjektet ønskjer Sparebanken Sogn og Fjordane (SSF) i samarbeid med Sogn og Fjordane Idrettskrins (SFIK) å legge til rette for at enno fleire utøvarar kan utvikle seg og prestere godt i sin idrett.
Dette ønskjer ein å gjere gjennom å legge til rette for ny kunnskap og kompetanse i klubbmiljø  i fylket. Det vil også vera essensielt at dei ulike idrettsmiljøa lærer kvarandre å kjenna slik at ein kan spela på kvarandre sin kunnskap og erfaring. Sjølv om utøvarane er målgruppa, vil involvering av trenarar og støtteapparat stå sentralt for å utvikla kunnskaps og kompetansehevinga i idrettslaga/treningsfellesskapa.

Utøvarar som ønskjer å satse på idretten sin vil få tilført kunnskap på grunnleggjande basisdugleikar som styrketrening, spenst, uthald, motorikk, kost, motivasjon og liknande. Det er også særs viktig at trenarane er engasjerte og deltakande. Det er desse som kan vidareføre kunnskapen og erfaringane til nye utøvarar i framtida.
Teknikk og taktikk innan dei ulike idrettsgreinene er særidrettane sitt ansvar og skulle det dukke opp slike behov vil desse bli meldt inn til respektive særidrettsorganisasjonar.

Det skal også årleg gjennomførast samlingar for trenarar, som arbeider spesifikt med ungdom, på tvers av idrettsgreinene. Desse samlingane er opne for alle klubbar i fylket og vert arrangert av SFIK i regi av prosjektet. Målet er å overføre kompetanse til og frå prosjektet og på tvers av idrettsgreinene.

Prosjektplanen finn du her

 
KontaktinformasjonTelefon:+47 57 76 12 10E-post:sof.ik@nif.idrett.no
mer informasjon
mer informasjon

 Nyheter

Utdanningsprogram yngre ledere

21.05.2012

Coaching og ledelse - utdanningsprogram for yngre ledere i idretten (19-29 år), Søknadsfrist 1.juni

Idretten i Sogn og Fjordane

09.05.2012

Statistikk for medlemstal og aktivitetstal for idretten i Sogn og Fjordane er no oppdatert med tala for 2011.

Solid medlemsvekst i Lustraidretten

09.05.2012

Luster Idrettsråd har gjennomført sitt årsmøte. Idrettskrinsen var på besøk og kunne registrere at leiaren Hanne Bisgaard, hadde lagt til rette for eit hyggele

Styremøte 23.04.12

09.05.2012

Det nye styret til Sogn og Fjordane Idrettskrins med styreleiar Aud Kari Isane i spissen hadde sitt første styremøte 23.04.12. Protokollen er no godkjent og du

Økonomikurs Sogndal

29.03.2012

Sogn og Fjordane Idrettskrins inviterer til kurs i økonomistyring og rekneskap i Sogndal tysdag 5.juni.

Idrettskrinstinget 2012

26.03.2012

På Idrettskrinstinget i Balestrand 24.03.12 blei Aud Kari Isane attvald som leiar for Sogn og Fjordane Idrettskrins.

Signert protokoll er lagt ut.

 Kalender

© 2009 - Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité
Alt innhold er beskyttet i henhold til lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverkloven). Innholdet kan ikke benyttes kommersielt uten samtykke fra Norges idrettsforbund.