Trenarutviklingsprosjekt 

Prosjektet skal arbeide for å styrke trenarutdanninga og for eit kunnskapsløft på trenarsida i Sogn og Fjordane  gjennom samarbeid med og mellom særidrettane, idrettskrinsen og HSF.

Utskriftsvennlig visning
Tips en venn
 

Idrettskrinsstyret nemnde opp følgjande arbeidsgruppe i møte 14.06.10 for å arbeide ut eit prosjekt med sikte på å:

Styrke trenarutdanninga og arbeide for eit kunnskapsløft på trenarsida i Sogn og Fjordane  gjennom samarbeid med og mellom særidrettane, idrettskrinsen og  HSF.

 

Gruppa vart sett saman av:

Ingar Breilid (Idrettskrinsen)

Aud Kari Isane (Idrettskrinsen)

Einar Ylvisåker (HSF)

Per Are Verlo (Fotballkretsen)

Narve Heggheim (Friidrettskrinsen)

Yngve Thorsen (Skikrinsen)

Anders Felde (skikrinsen)

Oddny Anita Sønnesyn (NHF Region Vest)

Helge Løtuft (repr. for dei mindre særidrettane)

Bakgrunn:

  • Kompetanseløftet for trenarar, jfr. NIF’ s Idrettspolitiske dokument IPD 2017-2011
  • Felles rammeverk for trenarutdanning i norsk idrett
  • Kompetansebehovet i særidrettane
  • Nytte erfaringar ein har med studiepoeng-godkjent trenarutdanning i kombinasjon trenarutdanning som gjev ”diplom”/autorisasjon/idrettsgodkjenning.
  • Oppnå tettare kopling mellom høgskulane sin kompetanse på idrett og den organiserte idretten sitt kompetansebehov på trenarutdanning, samarbeidsmodellar
  • Nytte synergieffektar av regionalt samarbeid mellom idrettskretsar og særkretsar over fylkesgrensene.
  • Få utløyst prosjekttilskot frå NIF til kompetanseutvikling trenarar og vurdere aktuelle finansieringsordningar i tiltakssamanhang.

Jfr. Referat frå møte om saksområdet 12.3.10 mellom idretten og høgskular i S/Fj. og Hordaland og møte 3.5.10 mellom særkrinsane, Idrettskrinsen og HSF.

 

Mål:

Overordna mål:

Å sikre at idrettslaga i fylket har dei beste vilkåra for trenarutvikling i landet.

Arbeidsmål:

Styrke produksjonen av trenarkompetanse i idrettslaga med minst 10 % årleg (elevtimetal) frå 2011 og sikre  kunnskaps- og erfaringsoverføring mellom ulike trenings- og utdannings-faglege miljø.

Eit ambisiøst overordna mål vil vere viktig for å skape nødvendig engasjement og styrke kjensla av at samarbeidspartane og særidrettane går saman i eit stort felles løft for utvikling av trenarkompetanse i idrettslaga.

Prosjektet legg til rette for at utføringsledda, IK, særkrinsar og lag saman med HSF har dei beste vilkåra for gjennomføring av tiltak.

Kvantitativt mål for auka produksjon er elevtimetal trenarkurs (nyutdanna og/eller etterutdanna). Status pr. 31.12.09 var vel 20000 timar for særidrettane og idrettskrinsen.

I høvet målet om 10 % auke årleg for idretten, må det sikrast at alle særidrettar definerer mål om auka utdanningsaktivitet i sin idrett.

Prosjektet må legge særleg vekt på tiltak for å auke tilgangen av kvinnelege trenarar i idrettslaga.

Mandat

  • Etablere ein samarbeidsmodell om trenarutvikling mellom idrettsorganisasjonane og høgskulen. Herunder utarbeide modell for kombinasjon av trenarutdanning med studiepoeng og trenarutdanning med vanleg autorisasjon/trenargodkjenning i særidrettane.
  • Legge til rette for å løyse ut kompetansebehov i særidrettane og større engasjement for trenarutvikling i idrettslaga.
  • Synleggjere aktuelle modellar og synergieffektar for samarbeid om trenarutdanningstiltak på tvers av særidrettar og fylkesgrenser.
  • Støtte opp om arbeidet for å realisere den praktiske gjennomføringa av nytt rammeverk for norsk trenarutdanning, ”frå trenerstige til trenerløype” i særidrettane og ha særleg fokus på potensialet som den nye strukturen gir for  etter- og vidareutdanning som samarbeidstiltak.
 

 Nyheter

Utdanningsprogram yngre ledere

21.05.2012

Coaching og ledelse - utdanningsprogram for yngre ledere i idretten (19-29 år), Søknadsfrist 1.juni

Økonomikurs Sogndal

29.03.2012

Sogn og Fjordane Idrettskrins inviterer til kurs i økonomistyring og rekneskap i Sogndal tysdag 5.juni.

Idretten i Sogn og Fjordane

09.05.2012

Statistikk for medlemstal og aktivitetstal for idretten i Sogn og Fjordane er no oppdatert med tala for 2011.

Styremøte 23.04.12

09.05.2012

Det nye styret til Sogn og Fjordane Idrettskrins med styreleiar Aud Kari Isane i spissen hadde sitt første styremøte 23.04.12. Protokollen er no godkjent og du

Solid medlemsvekst i Lustraidretten

09.05.2012

Luster Idrettsråd har gjennomført sitt årsmøte. Idrettskrinsen var på besøk og kunne registrere at leiaren Hanne Bisgaard, hadde lagt til rette for eit hyggele

Klubbutvikling - ein enklare kvardag i idrettslaget

20.02.2012

Idretten tilbyr eit program for klubbutvikling i idrettslag og særgrupper med bl.a. lagsbesøk.

 Kalender

© 2009 - Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité
Alt innhold er beskyttet i henhold til lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverkloven). Innholdet kan ikke benyttes kommersielt uten samtykke fra Norges idrettsforbund.