Rapportering av tiltak 

Utskriftsvennlig visning
Tips en venn

REGISTRERER OG RAPPORTERER DU AKTIVITET I LAGET SOM VAKSENOPPLÆRING ?  (VO-TILTAK)

Vaksenopplæring er meir enn dei kursa du får tilbod om å arrangere eller delta på i idrettskrinsen eller særkrinsane.
Idrettslag og særgrupper gjennomfører i løpet av arbeidsåret mange aktivitetar, prosjekt eller oppgåver som kan definerast under vaksenopplæring.
Ved å rapportere slik aktivitet, vil laga kunne hente ut midlar og dokumentere vaksenopplæringsaktivitet som i neste fase også vil tilføre idretten meir midlar til utdanning.

Skjema for rapportering finn du her.

 

VILKÅR FOR AT EIT TILTAK KAN RAPPORTERAST SOM VO-TILTAK

1. Kvart enkelttiltak som blir rapportert inn, må vere på minst 8 kurstimar. (kurstime er 60 min., 15 min pause kan reknast for kvar time)
2. Alle vaksenopplæringskurs som blir rapportert inn for utbetaling av tilskot, skal følgje ein godkjent fagplan.       
3. Deltakartal: Minst 5 som har fylt 14 år i kursåret.
    (Komitear, underkomitear eller grupper der minst 5 personar arbeider saman, kan utgjere ei studiegruppe)
4. For at deltakarane skal få kurset godkjent må frammøte vere på min. 75 %.
5. Studieforbund eller medlemsorganissasjon som arrangør
6. Offentlig kunngjort og opent

Godkjent fagplan skal ligge føre, før kurs blir sett i gang.
Ta kontakt med Idrettskrinsen om du har spørsmål om dette.

AKTUELLE TILTAK SOM KAN RAPPORTERAST SOM VAKSENOPPLÆRING:

1. Planlegging av arrangement og stemner, funksjonæropplæring og møteaktivitet i samband med dette kan leggast opp som godkjent VO-aktivitet og rapporterast.

2. Planlegging av tiltak, prosjekt, utviklingsarbeid i lag eller grupper. Til dømes utarbeiding av planar for utbygging og søknad om midlar til anlegg er godkjent som vaksenopplæringskurs.

3. Konferanse/seminar/temaopplegg over ein eller fleire samlingar/møte som til saman utgjer minst 8 timar. Der min. 5 av deltakarane møter 75% av total frammøtetid. Møte skal ha eit planlagt tema.

4. Samlingar for trenarar, leiarar, aktive i helgar el. kveldar der opplæring er sentralt, teori og praksis.

5. Ordinære kurs med særidretts- eller fellesidrettslege tema.
 
(Oppøving av eigenferdigheit (treningar) er ikkje VO-aktivitet med rett til stønad.)


Merk: Ved kurs i særidrettar er særkrinsane fagleg ansvarleg.
Ta kontakt med ”din” særkrins eventuelt særforbund før igangsetjing av kurs.


VILKÅR FOR Å FÅ UTBETALT VO-MIDLAR. REGISTRERING. RAPPORTERING

1. Bruk vedlagde registreringsskjema til å rapportere inn på. 

    NB! Før på bankgirokontonr. til laget.

2. Kurslærar / kursleiar kryssar av dato for frammøte på vedlagde deltakarlisteskjema for registrering av vaksenopplæring.

3. Deltakarlista skal vere underskriven av kurslærar/kursleiar.

4. Ta kontakt med særkrinsen ”din” eller idrettskrinsen om du har spørsmål om rapporteringa.

5. Arrangør får utbetalt vaksenopplæringstilskot når vilkåra er innfridde:

6. Innrapportering skal skje etter kvart som tiltaka er ferdige.
Siste frist for innrapportering er 10. januar for tiltak som er gjennomført året før.

TILSKOTSSATSAR 2010

Tilskotssats for studietimar utan lærar er kr. 33,- pr. time.
Tilskotssats for studietimar med lærar er kr. 45,- pr. time.

 

 Nyheter

Utdanningsprogram yngre ledere

21.05.2012

Coaching og ledelse - utdanningsprogram for yngre ledere i idretten (19-29 år), Søknadsfrist 1.juni

Idretten i Sogn og Fjordane

09.05.2012

Statistikk for medlemstal og aktivitetstal for idretten i Sogn og Fjordane er no oppdatert med tala for 2011.

Solid medlemsvekst i Lustraidretten

09.05.2012

Luster Idrettsråd har gjennomført sitt årsmøte. Idrettskrinsen var på besøk og kunne registrere at leiaren Hanne Bisgaard, hadde lagt til rette for eit hyggele

Styremøte 23.04.12

09.05.2012

Det nye styret til Sogn og Fjordane Idrettskrins med styreleiar Aud Kari Isane i spissen hadde sitt første styremøte 23.04.12. Protokollen er no godkjent og du

Økonomikurs Sogndal

29.03.2012

Sogn og Fjordane Idrettskrins inviterer til kurs i økonomistyring og rekneskap i Sogndal tysdag 5.juni.

Idrettskrinstinget 2012

26.03.2012

På Idrettskrinstinget i Balestrand 24.03.12 blei Aud Kari Isane attvald som leiar for Sogn og Fjordane Idrettskrins.

Signert protokoll er lagt ut.

 Kalender

© 2009 - Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité
Alt innhold er beskyttet i henhold til lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverkloven). Innholdet kan ikke benyttes kommersielt uten samtykke fra Norges idrettsforbund.