Kva er mobbing?
Mobbing er ei negativ handling frå éin eller fleire, retta mot ein annan. Denne negative handlinga blir gjenteken, går føre seg over tid, og kan på denne måten bli ei systematisk krenking.
Det er den som vert mobba som har rett til å definere om ein har blitt utsett for ei krenking, og det er trenarar og leiarar sitt ansvar å ta denne opplevinga på alvor.
Mobbing kan gå føre seg på mange måtar:
Fysisk mobbing gjennom til dømes å slå, sparke, lugge, spytte, dytte eller øydeleggje eigendelar til den som blir mobba
Verbal mobbing gjennom til dømes å seie nedlatande eller krenkjande ting om offeret, true, spreie usanne rykte, eller bruke krenkjande og grove ord
Psykisk mobbing gjennom til dømes ryktespreiing, manipulering og utestenging.
Telefon- eller teknologimobbing gjennom til dømes krenkjande eller truande tekstmeldingar eller kommentarar på internett, ryktespreiing via internett, spreiing av private eller intime bilete
I Norden har det sidan 1980-åra blitt forska mykje på mobbing og korleis mobbing skjer. Dei mest brukte forskarane og kompetansesentra i Noreg, er Zero, program mot mobbing, laga av Erling Roland ved Senter for åtferdsforsking i Stavanger, og Dan Olweus sitt kjerneprogram mot mobbing, laga av Olweus-gruppa i Bergen. Begge programma er kjende i skulen
(informasjon henta frå www.ndla.no og www.barneombodet.no)